Jul på sunnmørsk

Foto: Peder Otto Dybvik

"Eit prosjekt som er lett å like. På konsertane sine inviterer dei publikum inn i jula på leikent vis  - alltid med mykje humor og speleglede. "  

Jul på Sunnmørsk er eit prosjekt av musikarar frå Sunnmøre. Felles har dei ein kjærleik til musikk, Sunnmøre og julestemning. Dei tolkar gamle og nye, kjente og mindre kjente julesongar på klingande sunnmørsdialekt.  

tillegg til å synge låtane på dialekt, har vokalist Siril Malmedal Hauge passa på å ha med nokre av dei tradisjonane som minner oss om sunnmørsjula i tekstane. Med alt det fine og idylliske, og nokre gongar irriterande typiske... Slik som at den velkjende frasa «Let it snow, let it snow, let it snow» blir omsett til «Det ekje snøv, det e sludd, det e regn,» og «Walking in a winter wonderland» blir til «Julestemning veks ikkje på tre». Vi får også høre om andre norske juletradisjonar, som at svora helst bør vere sprø, pinnekjøtt og den deilige juletrelukta. Alt tolka på leikent vis med spanande vriar, slik som når Alf Prøysen sin «Romjulsdrøm» møter Charlie Parker sin «Antropology»...  

Bandet har også nokre heilt eigne låtar, som Siril sin «Sju slag». Songen kombinerer kul 7-taktsgroove og ein tekst om ein julekakebakar det har klikka for, som bakar til han stuper. I tillegg har Siril Malmedal Hauge gjendikta Joni Mitchell sin song «River» til norsk, og kalla han «Elv av is».  

Vi har også leita opp lokale (sunnmørske) melodivariantar på norske julesongar; Vi har leita i folkemusikkarkivet i Volda og funne ein eigen «Vigra-tone» til «Eit barn er født i Betlehem» og ein «Sykkylvs-tone» til «Mitt hjarte alltid vankar». Dette utvider konseptet om  «Jul på Sunnmørsk».  

Dei har saman gitt ut ei frisk og impulsiv plate og synast det er på sin plass med meir julemusikk som er upretensiøs og uhøgtideleg. Vi slår eit slag for det leikne og impulsive! 

WILDLY INVENTIVE JAZZ INTERPRETATIONS OF CHRISTMAS CLASSICS.

Prosjektet si første plate blei gitt ut i 2018, og har fått god omtale i pressa. Jul på Sunnmørsk har gjesta både Spillerom på NRK P2 (Trykk her for å høre sendinga), og TV-programmet Advent  på NRK1. Songane har rulla jamt på A-listene til NRK møre og romsdal kvar jul, og albumet har til og med blitt kåra til beste juleplate på nettstaden records.christmas – trass det faktum at dei sannsynlegvis ikkje forstod eit einaste ord!   
  
På konserten på Nasjonal Jazzscene i Oslo 2019 var NRK P2 var til stades og tok opp konserten, som vart sendt i radioprogrammet «Jazzklubben».  

Albumet fekk strålande kritikkar frå fjern og nær, bandet har spelt for fulle hus på Nasjonal Jazzscene i Oslo, Dokkhuset i Trondheim, Brattvåg, Langevåg, Leira, Terminalen i Ålesund, Gursken og Skøye.  

Omtale i media: 

- Nr. 1 på The Top 10 Christmas Albums of 2018  -Www.Records.Christmas 
«It really is Norway’s year this year. For five years, a group of young musicians from Ålesund have held concerts of wildly inventive jazz interpretations of Christmas classics, sung entirely in broad west-Norwegian dialect. Now finally committed to record (Spotify), the result is superlative, easily the best Christmas jazz record this side of the millennium. The musical skill on display is spectacular, with singer Siril Malmedal Hauge a particular standout and the approach ranges from carefully plucked bossa nova to pulse-quickening hot-jazz abandon. A truly stunning tour-de-force.»

 

www.stubbyschristmas.com
"And none of what I've said so far tells you how beautiful this album from Jul på Sunnmørsk is.  But you can hear that for yourself.  How could my words convey the beauty of this music any better than the music itself?  Siril's voice is angelic; listen to her on "The Christmas Waltz", putting songbirds to shame.  I am over the moon in love with her voice.  She is joined by Sondre Ferstad (harmonica), Kjetil Jerve (keyboards), Martin Morland (bass), and Henrik Lødøen (drums).  And everybody shines." - Stubbys House of Christmas

 

Nettavisen

"I et hipt og tildels funky beboplandskap viser den unge generasjonen sunnmøringer at det kan swinge noe så inn i granskauen av dette stoffet... 
«Jul på sunnmørsk» har blitt ei juleplate for alle - langt i fra bare sunnmøringer." - Tor Hammerø, Nettavisen.



«Dei mange frammøtte var vitne til eit band med stort musikalsk overskot og som evna å engasjere med sine friske og leikne versjonar av kjende og kjære julesongar.» (Bygdebladet)  
 

«Vi får bli kjende med ein allsidig og dyktig gjeng musikarar, som har tatt fatt på eit prosjekt som det er lett å bli glad i. Her er mange julesongar som vi likar sjølv om dei er skrivne på framadlandsk. Tenk då kor fine dei vil bli på sunnmørsk!» (Sulaposten)